Faste plassar for vogner

Vi har ca. 40 plassar som vi leiger ut som sesongplassar.

Sesongleiga for 2017 er kr. 6.100,- ( 1.mai til 24.september )
Prisen gjeld  vogna som har leigeavtalen, og familien som er registrert som brukarar av vogna.  Eitt uttak a 10A pr. vogn, ekstra uttak kan leigast etter avtale, om der er ledig kapasitet.
Framleige av plass er ikkje tillete.

Dersom campingplassen er open i påska ( dvs. dersom det ikkje er teleløysing eller for mykje snø), er det høve til å nytte fastplassen mot eit lite tillegg.

Når campingplassen er stengd, er det ikkje høve til å bu i vogna.
Vogna kan stå over vinteren på eige ansvar og eige tilsyn. Vogner som skal køyrast til vinterlager, bør vere ute innan 1.oktober.

Vi tildeler sesongplassar etter venteliste, så dersom du ynskjer fast plass hos oss, må du ta kontakt på e-post. Der er framleis mange på venteliste. 
Dersom du har ei lita vogn, er det litt større sjanse til å få raskt plass.
Be gjerne om å få sjå eit eksemplar av sesongavtala vi nyttar, dersom du er interessert i plass hos oss.

NB ! De som står på venteliste må kontakte oss på e-post kvart år etter nyttår,
og bekrefte at de framleis er interessert i fast plass .