Byrkjelo Camping

Campingplassen ligg rett sør for Byrkjelo sentrum, i gongavstand frå Stadion og frå Tine Meieriet.

Vi har hytter i fleire storleikar og prisklasser, og campinganlegg godt tilrettelagd for alle typer campingeiningar. Parkeringsluker for bubil, med fast underlag. 

Sanitæranlegg der hoveddelen vart bygd i 2010. Nyrenovering av eldre delar i 2012 og 2015.

Leikeplass, grillhytte og bålplass, sandvolleyball og bordtennis. Oppvarma symjebasseng, ope i skuleferien. ( Der er inngongsbillett til badeanlegget, halv pris for eigne gjester.)

Området har mange flotte merka turar, alt frå familietur på grusveg i slakt terreng til toppturar. Kommunen har fleire interessante kulturminne og historiske attraksjonar. 

Kiosk på plassen med enkelt vareutval i hovedsesong. Du finn også supermarked, lokalmat, bakeri og kafè, innan 100 - 250 m gangavstand. Bensinstasjon og bilverkstad i sentrum.

Nordfjordguide på nett

Fiske i Breim

Det er godt ørretfiske i Breimsvassdraget som utgjer ca 45 km elv og tre større + fleire mindre innsjøar. I Breimsvatnet er det også røye. Dalaelva og Storeelva, som er ein del av Breimsvassdraget, møter kvarandre i skogsområdet bak campingplassen. Fiskekort for Breimsvassdraget får du kjøpt på campingplassen eller andre utsalsstadar i kommunen. ft. Kr 60,- pr. dgn.

Vi har ikkje båtutleige sidan vi ikkje ligg ved innsjø, men det er fleire i nærområdet som leiger ut båt i Breimsvatnet, Sandalsvatnet eller Bergheimsvatnet.